Åtvaring – dette innlegget er på nynorsk. Det klarer dykk nok fint!

Jul i Thailand var ikkje noko eg var heilt førebudd på. Eg brukte litt tid på å finne ut om eg skulle reise heim til jul eller ikkje. Til slutt avgjorde språkskulen min det for meg. Me har berre 12 dagar fri mellom dei to modulane i desember og januar. Så det vart litt kort tid for å reise heim. Det gjorde at eg måtte omstille meg og førebu meg på kva jul i Thailand ville sjå ut som. På utsida er jula litt vanskelegare å sjå her enn i Noreg. Det er vinter her og, men den “kalde sesongen” er ikkje akkurat kald. Så noko tydeleg værendring får ein ikkje. Men dersom ein vitjar eit handlesenter er det ikke vanskeleg å sjå at til og med i Thailand har jula som kommersiell høgtid fått gjennomslag. Det er likevel ikkje så mange andre teikn her på jul. Det er veldig tydeleg kor liten den kristne populasjonen er. Framleis kule dekorasjonar då! Pokémon til jul er ganske morsomt.

Me hadde og ei kort julefeiring på språkskulen. Eg trur nok feiringa var like mykje for slutten av siste modul i 2023 som det var ei julefeiring. Skulen hadde likevel juletre og pynt og raud kleskode siste dagen. Så litt julestemning var det. God mat diska dei og opp med!

Dei siste dagane før jul gjekk med til ulike julefester. Juleavslutning med kyrkja si diakoniavdeling på eit karaokested, og julefest for NMS ansatte og samarbeidspartnere heime hos kollega Sunitra med god mat og bingo speling. Kjekt å bli enda betre kjent med dei som jobber i ELCT. God stemning begge stadar.

På vetle julafta opna eg gåver som var komne i posten frå mor og far, og prata med familien heime på videochat.

Sjølve julafta gjekk med til reising til byen Chiang Mai i Nord-Thailand, for å besøke ei god venninne. Ho er Thai, men har budd i Noreg ein del tidlegare. Eg hadde ein veldig fin juleferie hjå henne og mannen hennar. Her er nokre glimt.

Me tok ein roadtrip til ein kafe ute i jungelen. Eg datt og fekk skrubbsår på kneet. Så det viser at det var eit ekte eventyr. Kafeen hadde veldig gode brownies! Dei hadde og dyr og eit fint uteområde som var perfekt til å ta mange bileter.

Me besøkte og tomta som dei har kjøpt som dei skal bygge hus på. Me var på eit nattmarked, og me spiste vestleg julemat på ein amerikansk stil restaurant. Me brukte og mykje tid til å berre ta det roleg heime hjå dei.


Leave a Reply